søndag 24. mai 2009

Beskrivelse av valledialekten

For å finne ut kor ein dialekt kjem frå, må ein sjå på ulike kjenneteikn. Det fyrste ein kan sjå på, er infinitiven. I valledialekten er det kløyvd infinitiv, det vil seie at dei brukar både –a endingar og –e endingar. I teksta til Knut K. Homme kan me sjå at han har brukt både ” å vére” og ” å kunna”.

Det er ikkje noko teikn til palatalisering i teksta. Framfor å bruke manj, ser man at han opptil fleire gonger bruker ”an” om han. Det er heller ikkje teikn til at han har brukt tjuk”l”. Vallemålet er den dialekten som er mest kjent for å gå frå ”ll” til ”dd”. Eit eksempel på dette er ”idde” i staten for ”ille”.

Når det gjeld personlige pronomen så blir det ”mi”, når han snakkar i fleirtal. Det er ikkje teikn til dei såkalla ”bløde konsonantane”. Det blir sagt ”inkje” framanfor ”ikkje”. Me kan seie at ”inkje” er ein form for ”ikkje”, og ”ikkje-forma” finn me på vestlandet.

Ut i frå å sjå på dei ulike målmerka, kan ein sjå at dialekten finnast i det vestlandske området, meir presist kan ein sjå at den finnast i dei vestlege dalføra, noe som er eit av dei tolv dialektområda.

Ingen kommentarer: